tirsdag 1. september 2009

Blir eg endeleg tatt seriøst nå som eg skriv på nynorsk?



26.august hadde vi besøk av Are kalvø på Sanvika skule. Han var invitert for å snakke om nynorsk på ein litt useriøs måte. Eg skjønte at lærarane bevisst ville hjernvaske oss til å få eitt litt bedre forhold til nynorsk og begynne å tenkje at ein faktisk kan få bruk for dette fantastiske skriftspråket. Det kan fortsatt diskuteres. Det einaste som forandra seg når det gjeld mitt forhold til nynorsk er at mykje kan vere meir morosam berre ein skriv på nynorsk og ein blir tatt mykje meir seriøst.

Uansett, eg synast at førestellinga var riktig morosam og eg lo mykje. Eg likte parodiene han gjorde av ulike personer på slutten og hans avslappa forhald til at han skriv på nynorsk. Han hadde eigentleg inga spesiell grunn til at han har vala å skriv på nynorsk. Når det er sagt er eg nødt til å kritisere Are Kalvø sin førestelling også. Han snakka til tider altfor fort og det var vanskelig å følje med. Det gjaldt spesielt når han las uttdrag fra bøker. Alt i alt var det ein morosam start på dagen og skulle ønskje at vi hadde slike besøk oftere.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar