tirsdag 3. november 2009

"Å settje problem under debatt"

Georg Brandes skriv i teksta "Hovedstrømninger i det 19.århundrets litteratur" at litteraturen må settje problem under debatt. Ulike forfattarer satt problema under debatt under "det moderne gjennombrotet" i nordisk litteratur. Nokon av dei var Bjørnstjerne Bjørnson, Henrik Ibsen, August Strindberg og Amalie Skram. Bjørnstjerne Bjørnson diskuterte forholdet mellom ideal og røydon i teksta, Fiskerjenten. Han skreiv også om at det ikkje nødvendigvis treng å vere ein motsetjing mellom tro og kultur. Henrik Ibsen skreiv om forholdet mellom kjønn i ekteskapet. Han drøfta fordommar i samfunnet og samfunnsmoralen. August Strindberg kritiserte i sin litteratur autoritetar og maktpersonar. Han kjempa for den darwinistiske læra og stemmerett for kvinner. Den kvinnelige forfattaren, Amalie Skram, skreiv om kvinner som ikkje fant seg til rette i ekteskapet (Constance Ring) og kritiserte mangelen på oppseding i hva seksualitet er under oppveksten.

Litteraturkritikarane, Georg Brandes og Sigurd Hoe, kritiserte begge at dei nordiske landene hang etter når det gjeld utviklinga i litteraturen og sa at andre europeiske land har kome mykje lengre. Dei har ein einig om at forfattarane ikkje klarar å tenkje nytt i sin litteratur.

Georg Brandes seier i sin tekst "40 Aar tilbage for Europa" at litteraturen i Danmark har stoppa opp og vekkjer verken interesse eller oppmuntrar til diskusjon. Forfattarane er fremmed for nye tankar. Han rosar kritikarar som tidleg har satt problema under debatt som Georg Sang, Voltaire, Alexander Dumas og Emilie Augier. Han skriv at litteratur som ikkje settjer problema under debatt ikkje har noko meining. Han beundrar resten av Europa hvor litteraturen har blitt påvirka av Julierevolusjonen og har utvikla seg et steg vidare.
Sigurd Hol ser mange av dei samme tendensane i Noreg som i Danmark hvor forfattarane ikkje klarar å tenkje nytt. Han skriv i teksta "Psykoanalyse og diktning" frå 1932 at psykoanalysen kom til Noreg tjue år etter resten av verden. Selvom alt er gjort før går dei likevel igjennom dei samme problema med autoritetane som uttalar seg om noko dei ikkje veit noko om. Det er få autoritetar og dei treng nesten ikkje å bli spurt før dei uttalar seg om ein sak. Dei skal vite alt, mens folket skal vite minst muleg. Dei innsjår ikkje at psykolanalysen er viktig for å forstå nåtida og menneska bedre. Hvis ein ikkje brukar psykolanalysen vil ein ikkje forstå like mykje.

Hvis litteraturen skulle settje problem under debatt i vår eiga samtid, meiner eg at eit tema som kunne bli tatt opp er at Noreg tilpassar seg altfor mykje for dei innvandrarane som flytter til landet. Er det ikkje innvandrarane som burde justere seg etter det landet dei flyttar til, ikkje dei innbyggjarane som allereie bur der? Andre temaer litteraturkritikarane kunne tatt opp er det sexfikserte synet på jenter i media og om statskirkeordninga burde avskaffes.



Georg Brandes

Kilder: Spenn-Norsk for studieførebuande utdanningsprogram VG3, 2008

1 kommentar:

  1. Ja, det er framleis mykje å ta tak i sjølv om vi til dels har andre haldningar til mykje av det realistane debatterte. Heldigvis, kan vi vel seie?

    SvarSlett