onsdag 10. februar 2010

Eit lite musikktips

Det er ikkje ein ordentleg blogg før du skriv innlegg på både sidemål og bokmål:

Tenkte at eg skulle skrive litt om eit band eg likar og vil anbefale til dere: The Mornings Benders. Eg oppdaga bandet i sommer da eg såg igjennom band som skulle spille på Øyafestivalen 2009, og kva for nokre band eg kunne tenkje meg å sjå. Eg høyrde på noen av sangane på youtube, og eg likte dei med ein gong. Gutane kjem ifrå Berkley, California og spiller ein slags indierock/alternativ musikk. Songane er ganske rolege, har fin tekst og behagelege tonar. Bandet minner meg om band som Vampire Weekend, The Coral og Death Cab for Cutie. Hittil har dei komme ut med eit debutalbum som heiter Talking Through Tin Cans. Songer eg likar spesielt godt fra dette albumet er "Waiting for a war", "Boarded doors" og "Crossyed". Viss du likar indierock og litt alternativ musikk så er denne gruppa heilt klart verd å sjekke ut. Dei er eit "up and coming" band som vi heilt klart vil sjå meir av framover. Eg ventar i spenning på neste album.

1 kommentar:

  1. Mykje bra nynorsk her, Caroline! Du nyttar mange bokmålsnære formar, og det er det ikkje noko gale i så lenge du er konsekvent.

    SvarSlett